Personlige verktøy

Kubevekta

— filed under:

Hordaland Birøkterlag har til disposisjon ei digetal kubevekt som sender dagleg måledata til Norges Birøkterlags heimeside. For sesongen 2010 var kuba fyrst stasjonært på Voss for så å bli flytta ut til lyngen på Sotra.

Kubevekta

Kubevekta og værstasjonen montert på Ringheim på Voss. Foto Alf Helge Søyland

 

Endeleg i år 2010 vart det plassert ut 12 automatiske digitale kubevekter ulike stader i Noreg. Vektene er innkjøpt av Noregs Birøktarlag med i samarbeid med Honningcentralen.Hordaland Birøktarlag fekk tilbod om å få låne ei av desse 12 for å plassere ut på aktuelle trekkområdar.

 

Søyland Bigard, ved underteikna , vart spurt om å finne høveleg plass sia eg hadde bier både på summartrekk og seinare på lyngtrekk.

Vekta vart overlevert i Oslo til min dotter Åshild, som fikk frakta den trygt over fjellet med Bergensbanen.

Ved nøye avvatring, vart den så plassert på Ringheim på Voss, 6 juni (truleg ein av dei beste plassane på Voss.)

Den digitale vekta er i tillegg til 5 vektregistreringar pr dag, også ein værstasjon som også måler temperatur både ute og inne i yngelleie kor ein følar ligg. I tillegg registrerar den også nedbør og luftfukt.

Kvar kveld vert data frå vekta sendt direkte til mobiltelefonen min og vert samstundes logga inn på NB’s heimeside. Der kan alle logge seg inn å sjå vektdata frå dei 12 norske og i tillegg tilvarande i Danmark og Sverige.

 

Vektregistreringa frå Voss vart dessverre uforvarande viska ut av underteikna, då eg skulle skrive på trekkplanter m.m. , p.g.a. heimesida om vektene  til NB  er noko tungvint å redigere bakover i tid. Men mine eigne målingar av honningutbytte var truleg ca 15 kg sumarhonning.

Det er då å merke at dette truleg var ei fripara  BU-dronning som vart utskifta igjen mens den stod på Ringheim.

Trekket generelt på Voss i fjor var om lag middels med meir innslag av bringebær enn året før. Er en tidleg nok og heldig med været pleier ein å få eit (gult) løvetanntrekk .

 

F.o.m. 12. juli til dags dato ligg dei fleste data fram til dags dato på NBs vektside under ”Sotra- Hordaland”, då den 18 juli vart flytta til Sekkingstad på Sotra.

Der var det dessverre litt dårleg mobildekning, så nokon få dagar med overskyet vær var det ikkje sendt melding frå kuba.

Me kan no lese av statistikken at lyngtrekket ikkje byrja jamnleg før 23.7 kor temperaturen kom over 20 grader. Men først etter 3 mm nedbør den 3.august , auka vekta til 5 kg ! den 4 august kor det også regna 17 mm.

Trekket varte også heilt fram til 7.september  med 600g auke ! , kor det og vart målt maks temperatur på 24.2 grader og 0 nedbør.

Totalt hausta og veid lynghonning(+ rest av sommarh.) ved slynging var på ca 55 kg ! – Totalt på kuba om lag 70 kg.

Truleg var det vår kube som fungerte og hadde best vektauke på lyngtrekk i landet.

 

Noko anna interessant er å sjå på kubetemperaturen som held seg ganske konstant på mellom 34.2 til 35 grader heilt fram til ca 15. sept. når truleg all yngel var forsegla.

I foringsperioden gjekk den opp att til mellom 33 og 34 grader fram til 15. oktober, kor den då dala ned til under 20 den 30 oktober.

Seinare i vinter fram til utgongen av januar har den gradvis gått ned mot 6,6 grader som den lågaste temperatur målt 28. desember på 6,5 grader, men då var utetemp. Dagen før på 12,4.

Dette stemmer for så vidt med ein del andre kuber, men kan også tyde på at vinterklasen har flytta seg litt vekk frå følaren.

Vektminking (forforbruk) no vinterstid ligg berre på ca 100g på det jamne.

Document Actions