Personlige verktøy

Starte opp med bier

Tenker du på å starte opp med å skaffe deg bier, er det ein del lover å reglar som du har ansvar for å følge. Birøktarlaget vil helst at du fyrst tek kontakt med laget for å tilby kurs og rådgjeving i høve sjukdommer og kjøp. Her er og linker til aktuelle skjema

Starte opp med birøkt

I utgangspunktet kan alle starte opp med bier kor som helst i Noreg, berre du har løyve frå grunneigar og melder inn til Mattilsynet kor du etablerar ein ”Biegard”.

Bergenske Birøkterlag vil sterkt tilrå at du tek kontakt med styret i laget før du prøver å få tak på bier, då me kan gje råd om kurs, restriksjonar og kjøp av bifolk og utstyr.

 

Alternativt kan du fylle ut dette skjema ”registrering / sertifisering av bigård/bigårdplass” og sende det i brev eller på e-post til postmottak@mattilsynet.no .

 Merking av bigarden

Mirjam held på Bjarte sitt nylaga skilt som alle bigardar skal merkast med. Foto: Bjarte Tennfjord

Ein rekke reglar og forskrifter må du vite om og ta omsyn til for å drive birøkt. Desse finn du samla her: Forskrift om Birøkt

 Elles kan du lese om ulike sjukdommar  og skadedyr i høve bier på heimesida til Noregs Birøkterlag.

Forutan plikt til registrering av bigard, skal alle vere tydeleg merka kven som eig bigarden.

There are currently no criteria on which to search. Please add them using the 'criteria' tab.

Also in this section

Skjema
Her vil me leggja ut aktuelle skjema som du treng til ulike søknader i høve din birøkt. - dei ligg nok hos mattilsynet, men er vanskeleg å finne
Document Actions