Nybegynnarkurs

Nybegynnarkurs

Kurs 2014

KURS 2019

Me i Bergenske Birøkterlag er no klare til å ta i mot påmeldingar til nybegynnarkurs i birøkt for sesongen 2019.

Bier er ein viktig del av det økologiske mangfaldet i naturen. Ved å delta på kurs vil du tilegna deg kunnskap om biene sitt liv og si utvikling. Birøkt er ein spanande hobby, og me håpar du vil oppleva glede og fascinasjon av samspelet som skjer mellom biene og naturen. Du vil læra om driftsteknikk, sjukdom og førebyggande tiltak, og kva reglar du som birøktar må forhalde deg til.

Nybegynnarkurset er eit viktig fyrste skritt på vegen til denne kunnskapen, enten du ynskjer å starta opp sjølv, eller berre vil ha meir kunnskap om kva som foregår i ein bikube. Me i Bergenske Birøkterlag er difor glade for den enorme interessa som har oppstått rundt bier og birøkt dei siste åra. Det er fullteikna kurs over heile landet!

Kurset går over 8 kveldar. Kvart treff varer i ca. 3 timar. Me fokuserar på det praktiske, men dei to fyrste kurskveldane vert innandørs, med grunnleggande teori.

Kursdatoar:

1. Kurskveld: 20. mars
2. Kurskveld: 10. april
3. Kurskveld: 24. april eller 8. mai, avhengig av vær og temperatur.
4. Kurskveld: 22. mai
5. Kurskveld: 19. juni
6. Kurskveld: 28. august
7. Kurskveld: 18. september
8. Kurskveld: 27. november

Birøkt er ekstremt vêravhengig. Me går ikkje ned i kubane om det er regn, eller under 10 grader. Ver difor merksame på at kursdatoane kan endre seg. Det er kun dei to fyrste teorikveldane som er heilt sikre. Me fylgjer godt med på vêrmeldinga, og seier frå i så god tid på førehand som råd er.

Det går uansett ut e-post før kvar einaste kurskveld om når og kor du skal møta opp, då me må dele oss opp i mindre grupper.

Pris for kurs er 4000 kroner. Betalingsinformasjon blir tilsendt etter fyrste kurskveld.

Inkludert i kursavgifta er læreheftet "Mitt første år som birøkter", samt eitt års medlemskap i Norges Birøkterlag og Bergenske Birøkterlag. Du vil få tilsendt fagbladet Birøkteren ca. ein gong per månad.

Før kurset kan me anbefala å gå til innkjøp av boka: "Ingar'sis Birøkt - Lærebok i enkel og praktisk birøkt" av Roar Ree Kirkevold. Den kan bestillast på nettet, på Honningcentralen sine sider: http://www.honning.no

Alle som betalar kursavgifta vil få ein rabattkupong som ein kan bruka ved fyrste gongs kjøp av utstyr. Du treng ikkje noko utstyr til dei to fyrste kveldane, men til fyrste kursdag i bigarden (24. April eller 8. mai), må ALLE ha kjøpt ein birøktardrakt med slør, og eit par handskar. Du vil få meir informasjon om dette 1. kurskveld.

 

PÅMELDING TIL KURSET SKJER KUN VIA WEBSKJEMA HER:

https://docs.google.com/forms/d/1DwCBPe17K6IcjtRJ7Iqd5PFFkkeCc4a8LT6zEJWARco

Fyll ut alle felta. Du skal få ein bekreftelse på e-post når du er påmeldt.

 

PÅMELDINGSFRIST ER 15. FEBRUAR.

 

Kontaktpersonar:

Vegard Helland, tlf: 40307000 , e-post: vegard@bi1.no

Atle Allersen, tlf: 93874109 , e-post: atle@byggengros.no

Kjøp og salg av bifolk og brukt utstyr

Det er strenge reglar for kjøp / salg av bier, brukt utstyr, og flytting av bifolk.
Dette er viktige sjukdoms- og smitteførebyggande tiltak som du lærer meir om på kurset.

Du skal ikkje kjøpe bier / fange svermar utan å ha gått kurs. Dei du kjøper bier av skal vere sertifiserte birøktarar eller ha bier sertifisert av Mattilsynet.

Kontakt birøktarlaget for veiledning.

Bergenske Birøkterlag driv ikkje med salg av bifolk. Kursdeltakarar vert sette i kontakt med sertifiserte birøktarar for kjøp av avleggarar, slik at dei kjem i gong.

Personlige verktøy